tirsdag 28. desember 2010
onsdag 3. november 2010
Kva skjer
No vert det nok ikkje neir jobb på kåken før til våren tenker eg. Været framover er ikkje det beste og det er ute det hastar med å komme i gang med tillbygg og tak slik att det er sikra mot lekkasje ned i isolasjonen som skal inn i veggane.
lørdag 23. oktober 2010
onsdag 29. september 2010
Tak
Ryggen har vore heilt håplaus nokre dagar, men med noko ekstra medisin i magen og i lomma fann eg ut at no kunne eg prøv å lette i takplatene for å sjå kva som var under.
Starta på tillbygget mot vest der det såg ut som at heile taket var i ferd med å gå i oppløysing. Men det var betre enn frykta. Takplatene har vore kjørebredde tidlegare og dette var i ferd med å sprekke så det såg ut som rusta hol. Under var det papp.
Eg får få av det meste av platene i morgon trur eg og då er det berre å legge på ny papp slik at det er tett før eg startar på veggane.

mandag 27. september 2010
Takrenner
Takrennene på huset var av tre og tjærebredde inni, men no var dei modne for utskifting og då dei vart tatt ned så vart det oppdaga at to av sperra var rotne og, så no står eg framfor eit stort arbeid der deler av taket må rivast for å få på plass nye sperr.
Dette blir gøy:(
Dette blir gøy:(
torsdag 16. september 2010
Kledning og plater
No har eg fått kledning og avfaltplater opp på demma og snart kjem glas og isolasjon og då er det berre å gå i gang med utvendig vedlikehold.
tirsdag 31. august 2010
Støyping
Fekk støypt fundament for utbygginga av badeveggen i går, og det ser bra ut.
Vattnet i grøfta er berre halvvegs opp på betongen så det er mykje å gå på.
Skal prøve å legge ned drensrør på Torsdag.
Vattnet i grøfta er berre halvvegs opp på betongen så det er mykje å gå på.
Skal prøve å legge ned drensrør på Torsdag.
onsdag 18. august 2010
Påbygg
Har bestemt att eg berre bygger på badet, ettersom eg då ikkje treng å gjere noko med takkonstruksjonen.
Dette innebærer berre eit tilbygg på utsida.
Venter på løyve frå teknisk etet på forandringane.
Dette innebærer berre eit tilbygg på utsida.
Venter på løyve frå teknisk etet på forandringane.
mandag 9. august 2010
Graving
Fekk opp gravemaskin på Fredag for å grave grøft rundt huset for å få vekk vattnet som står rundt grunnmuren. Men det var ikkje langt han kom før det dukka opp fjell, så da var det berre å gje seg. Vattnet kjem frå grøfta på andre sida av FV609 og renn ned i tunet derfrå. Kanskje skal eg lage ein pumpekum og pumpe vattnet vekk, eller så må det fjernast ein del fjell. Det dukkar stadig opp nye utfordringar.
tirsdag 20. juli 2010
Svar frå teknisk
Fekk muntleg svar frå teknisk etat via telefon at eg kan starte utvendig vedlikehald på Demmahuset, så no er det berre å vente på sola.
fredag 16. juli 2010
Svar
Fekk svar frå statens vegvesen der dei ikkje har merknader til påbygget av kjøkken og bad, så no er det berre å vente på teknisk etat.
Reknar med svar på Mandag den 19 Juli
Reknar med svar på Mandag den 19 Juli
tirsdag 29. juni 2010
Påbygg
Leverte søknad om påbygg av bad og kjøkken,skifting av vindu og tak til teknisk etat i dag.
Så er det berre å vente på vedtak.
Tida går..................
Så er det berre å vente på vedtak.
Tida går..................
fredag 25. juni 2010
Forlikspapir
Eg fekk forlikspapira i dag underskreve av alle partar så no er det like før arbeidet kan startast opp att med huset.
onsdag 9. juni 2010
tirsdag 8. juni 2010
Forlik
I dag var det forliksmøte med Alf i kommunestyresalen i Askvoll Kl.10.00
Eg skal ikkje komme nærare inn på saksgangen, men berre konkludere med att forliksrådet fekk ein lett jobb for Alf og eg kom til einigheit uten att forlisrådet måtte avsei dom i saka.
Eg skal ikkje komme nærare inn på saksgangen, men berre konkludere med att forliksrådet fekk ein lett jobb for Alf og eg kom til einigheit uten att forlisrådet måtte avsei dom i saka.
onsdag 26. mai 2010
Plen slått
Det var komme så mykje gras på plenen att eg tok ein tur og rasa over med plenklypparen, så det ser litt betre ut.
onsdag 19. mai 2010
Svar frå Selstad på forliksklage
Ringte politiet i dag og dei bekrefta att Selstad har sendt tillsvar på min forliksklage der dei avviser mine krav.
Møte i forliksrådet er no beramma til 8 Juni
Møte i forliksrådet er no beramma til 8 Juni
søndag 2. mai 2010
Forliksrådet
Fekk beskjed av lensmannen att Selstad hadde fått svarfrist til 17 Mai på forliksklagen.
Saka var beramma til å komme opp i forliksrådet den 2 Juni.
Saka var beramma til å komme opp i forliksrådet den 2 Juni.
fredag 9. april 2010
Forliksrådet
Da var fristen til selger ute til å akseptere kravet frå meg om kompensasjon for råteskadene, så no er det sendt krav om dekning av råteskadene eller heving av kjøp til forliksrådet. Så da er det berre å vente på innkalling. Tida går så det vil nok verte ei stund før eg eventuelt kan flytte inn, men til jula skal det vel være ein sjangs.
tirsdag 16. mars 2010
Svar frå forbrukerrådet
Fikk svar frå forbrukerrådet om att eg måtte sende eit varsel om forliksklage til selger og dette er no gjrt.
torsdag 11. mars 2010
Skuffelse
Fekk telefon frå Harald i dag og dei vil ikkje gå med på prisreduksjon på grunn av råte, begrunnelsen var att det var eit gammalt hus eg hadde kjøt.
Han ville eg skulle snakke med Roar som var sjef og hadde bestemt dette.
Så det vart ein telefon dit, men med samme resultat. Ingen kompensasjon, så no vert det forbrukarrådet neste.
Han ville eg skulle snakke med Roar som var sjef og hadde bestemt dette.
Så det vart ein telefon dit, men med samme resultat. Ingen kompensasjon, så no vert det forbrukarrådet neste.
onsdag 10. mars 2010
Kontakt med selger
Har ikkje høyrt frå Harald, så eg ringte Alf og han ville ha oversendt prospektet for huset.
Dette sendte eg til sonen (Arve) på e-post.
Deretter skulle Alf faxe det til broren Harald som skal ta kontajkt med meg.
Dette tek lang tid, snart er det påske.
Dette sendte eg til sonen (Arve) på e-post.
Deretter skulle Alf faxe det til broren Harald som skal ta kontajkt med meg.
Dette tek lang tid, snart er det påske.
torsdag 4. mars 2010
Meir snø
Måtte til med fresen i dag for å halde oppe vegen fram til inngangsdøra i påvente av att eg kan starte arbeidet igjen.
Hadde ein telefonsamtale med Alf og han sa att Harald skulle ta kontakt med det første ettersom han hadde meir kjennskap til kjøp og salg av hus.
Så då får eg berre slå meg til ro med det, eg kjem ikkje inn til påske no alikevel.

mandag 1. mars 2010
Ventetid
No har det vorte ventetid på ei tilbakemelding fra selgarane. Det har vorte mange turer til Førde der vi og ventar på att alle gode ting skal skje med Leni, mi eldste datter som ligger på sykehus med komplikasjoner i svangerskapet.
Men no ser det ut til att dette går bedre og att ho får behalde barnet:)
Men no ser det ut til att dette går bedre og att ho får behalde barnet:)
fredag 26. februar 2010
Kalkyle på reparasjon
tirsdag 23. februar 2010
fredag 19. februar 2010
Ingemund Leiknes kom i dag
Vart positivt overraska da telefonen ringte og Ingemund sa han fekk tid til å komme og ta ein kalkyle på det som må skiftast p.g.a. råte.
Det første han sa var, her er det ikkje mykje å spare på!
Han vart sjokkert over att det var så mykje råte i ramme, stender og veggar.
Men alt kom frå feil i reparasjonane som var utført.
Han målte opp kjøkken og gang og der var det ikkje så mykje som kunne brukast.
Deretter såg han på kledningen på resten av huset og kom fram til att det var råte og feil i konstruksjonen der og, så han skulle sette opp ei materialliste og ei timeliste for å få utført reparasjonane, og dette skulle eg få i neste veke.
Han trudde og att takbjelkane var gåen for stenderane på kjøkkenet i ramen var gåen heilt opp. Så han måtte ta forbehold om uforutsette feil som ville komme fram under fjerning av kledningen.

tirsdag 16. februar 2010
Venting
Ingemund Leiknes skulle komme og sjå på det som var rote i dag, men no sa han att det vart ikkje før i neste veke så da er det berre å finne fram tålmodigheita og sette seg i sola.
mandag 15. februar 2010
Rydding i garasjen
fredag 12. februar 2010
Litt sol i dag
I dag starta eg dagen med å sitte på krakken og nyte den nye utsikta eg fekk i går då mykje kratt forsvann.
Hadde avtale om att Ingemund Leiknes skulle komme og gå over manglane i ramma og stenderane slik att eg kunne få eit overslag over kostnadane, men han fekk ikkje tid.
Hadde ein prat med Alf Selstad (selger)og dei hadde sett på bildene eg hadde sendt, men dei hadde ikkje bestemt kva dei ville gjere med saka vidare.
Eg fortalde att eg skulle få eit kostnadsoverslag og sende den til dei og det var greit.
No har eg sol på begge sider av skålefjellet så det er nok ikkje lenge før eg har den heile dagen.
Leni og Trond kom opp med hundane og vi sat ute og drakk kakao og åt niste.
Triveleg.
Alt i alt ein fin dag

torsdag 11. februar 2010
onsdag 10. februar 2010
Meir feil
No var eg tvungen å ta vekk veggane og for å sjekke stenderane og der var det like gale. Det var ikkje lufting mellom kledning og isolasjon så isolasjonen var fyll av fuktigheit og dette var overført til treverket.

Dette er no rapportert til selgar og eg ventar på ei avklaring på om dei tek kostnaden med utskifting av det som er rote.

Dette er no rapportert til selgar og eg ventar på ei avklaring på om dei tek kostnaden med utskifting av det som er rote.
Overraskelse
Demma
Abonner på:
Innlegg (Atom)