onsdag 29. september 2010

Tak

Ryggen har vore heilt håplaus nokre dagar, men med noko ekstra medisin i magen og i lomma fann eg ut at no kunne eg prøv å lette i takplatene for å sjå kva som var under.
Starta på tillbygget mot vest der det såg ut som at heile taket var i ferd med å gå i oppløysing. Men det var betre enn frykta. Takplatene har vore kjørebredde tidlegare og dette var i ferd med å sprekke så det såg ut som rusta hol. Under var det papp.
Eg får få av det meste av platene i morgon trur eg og då er det berre å legge på ny papp slik at det er tett før eg startar på veggane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar