tirsdag 31. august 2010

Støyping

Fekk støypt fundament for utbygginga av badeveggen i går, og det ser bra ut.
Vattnet i grøfta er berre halvvegs opp på betongen så det er mykje å gå på.
Skal prøve å legge ned drensrør på Torsdag.

onsdag 18. august 2010

Påbygg

Har bestemt att eg berre bygger på badet, ettersom eg då ikkje treng å gjere noko med takkonstruksjonen.
Dette innebærer berre eit tilbygg på utsida.
Venter på løyve frå teknisk etet på forandringane.

mandag 9. august 2010

Graving


Fekk opp gravemaskin på Fredag for å grave grøft rundt huset for å få vekk vattnet som står rundt grunnmuren. Men det var ikkje langt han kom før det dukka opp fjell, så da var det berre å gje seg. Vattnet kjem frå grøfta på andre sida av FV609 og renn ned i tunet derfrå. Kanskje skal eg lage ein pumpekum og pumpe vattnet vekk, eller så må det fjernast ein del fjell. Det dukkar stadig opp nye utfordringar.