onsdag 29. september 2010

Tak

Ryggen har vore heilt håplaus nokre dagar, men med noko ekstra medisin i magen og i lomma fann eg ut at no kunne eg prøv å lette i takplatene for å sjå kva som var under.
Starta på tillbygget mot vest der det såg ut som at heile taket var i ferd med å gå i oppløysing. Men det var betre enn frykta. Takplatene har vore kjørebredde tidlegare og dette var i ferd med å sprekke så det såg ut som rusta hol. Under var det papp.
Eg får få av det meste av platene i morgon trur eg og då er det berre å legge på ny papp slik at det er tett før eg startar på veggane.

mandag 27. september 2010

Takrenner

Takrennene på huset var av tre og tjærebredde inni, men no var dei modne for utskifting og då dei vart tatt ned så vart det oppdaga at to av sperra var rotne og, så no står eg framfor eit stort arbeid der deler av taket må rivast for å få på plass nye sperr.
Dette blir gøy:(

torsdag 16. september 2010

Kledning og plater

No har eg fått kledning og avfaltplater opp på demma og snart kjem glas og isolasjon og då er det berre å gå i gang med utvendig vedlikehold.