fredag 12. februar 2010

Litt sol i dag

I dag starta eg dagen med å sitte på krakken og nyte den nye utsikta eg fekk i går då mykje kratt forsvann.
Hadde avtale om att Ingemund Leiknes skulle komme og gå over manglane i ramma og stenderane slik att eg kunne få eit overslag over kostnadane, men han fekk ikkje tid.
Hadde ein prat med Alf Selstad (selger)og dei hadde sett på bildene eg hadde sendt, men dei hadde ikkje bestemt kva dei ville gjere med saka vidare.
Eg fortalde att eg skulle få eit kostnadsoverslag og sende den til dei og det var greit.

No har eg sol på begge sider av skålefjellet så det er nok ikkje lenge før eg har den heile dagen.

Leni og Trond kom opp med hundane og vi sat ute og drakk kakao og åt niste.
Triveleg.

Alt i alt ein fin dag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar