onsdag 5. oktober 2011

Riving

I dag kom riveløyvet frå kommunen så no er det berre å satse på at folk kjem og plukkar om det er noko dei vil ha av inventaret. Satsar på ein pris av Kr. 50.- for stolar og Kr.100.- sofa, skjenk og hyller. Ting og tang går for Kr.10.- pr. stk.

tirsdag 4. oktober 2011

Nytt "hus"

Det vart plutseleg behov for å få ein plass å bu og då vart det til at eg kjøpte hytta til Mona og Sverre Hestad, og tusen takk til dei for at handelen vart gjort på få dagar. Hytte nr.5 er den einaste hytta til Aslaug og John Øvrebø som ikkje har vorte utvida, så det skal verte spennande å sjå kva eg får til i løpet av neste år. No er det full fart med flytting av personlege ting og tang. Møblane skal stå slik at MayIne og Leni kan bruke dei. Taksten på reparasjon av Demma skal komme i løpet av veka har eg fått beskjed på, og da får vi sjå kva kommunen seier i forhold til å bygge opp eit mindre bygg på tomten. Og jakta er ikkje slutt enda heller, så det er nok å henge fingrane i. Snart er det fredag og då skal eg passe MayIne igjen;)

torsdag 15. september 2011

Svar frå fylkeskommunen på riving

Askvoll - gbnr.11/53 Stongfjorden - riving av bustadhus
SEFRAK objektkode 105/11
Vi viser til brev av 31. august 2011, der Askyoll kommune ber om uttale til nemnde sak.
Den omsøkte bygningen er registrert i SEFRAK- og er etter registreringane oppført tidleg på
1900 talet. I forslag til plan for yern av kulturminne for Askvoll kommune, er bygningen plassert i
verneklasse B.
Kulturminnelova legg yekt på at kulturminne og kulturmilio med deira eigenart og variasjon skal
vernast både som ein del av kukurarven, vår identitet og som ledd i ein heilskapleg miljø- og
ressursforvalming. Det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på desse ressursane som vitneskapleg
kilemateriale og som varig grunnlag for nolevande og framtidige generasjonar sine opplevingar,
sjolvforståing, triysel og virke.
Bygningen slik den står i dag, må yurderast dl å vere eit kulturminne av meir lokal verdi. Med
bakgrunn i det som er nemnt ovanfor, vil Kulturavdelinga tilrå at Askvoll kommune gjer ei
sjølvstendig kulturminnefagleg vurdering av dei tiltaka det her vert søkt.

tirsdag 30. august 2011

Så vart det stopp


Fekk Rune Hovden til å komme for å legge nytt tak
Han starta med å rive det gamle bølgeblekktaket og under var det fleire rotne sperr og sløysa mellom taka var berre mold.
I løpet av natta kom det regn og då eg kom opp om morgonen rann det vatten gjennom taket frå andre etasje og ned i begge stauene.
Dette tok frå meg lysta til vidare arbeid med huset, så no har eg søkt om å få rive bygget og sette opp eit nytt i samme stil.

torsdag 4. august 2011

Meir riving


Tok i dag vekk platene på veggen utvendig på kjøkkendelen for der skal det snart opp ny kledning, og det kjem vel med for under platene var det berre mold med maling på.
Satsar på at materialen kjem til helga og då er det full fart på mandag med reising av ny vegg mot vest.

onsdag 27. juli 2011

Grunnmur

No minkar det på arbeidet med ny grunnmur som skal huse større eit bad og kjøkken.
Om det berre vert litt flaks med været så kan det snart bli reist ein ny vegg og då kan vi ta ned den som er pill roten.

onsdag 29. juni 2011

Tung vegg


Bak tynnplatene på loftet var isolasjonen av 2cm isopor, dette er totalt ulovleg og ville ha tatt livet av alt i huset med gass om det skulle blitt brann.
Eg reiv halve veggen i eit stykke mellom gang og kjøkken og det gjekk hardt utover venstre skuldra ettersom veggen kom deisande ned over meg før eg fekk komme meg vekk, så no er skuldra gul og blå, men dette stoppar ikkje ein "arbeidsmann" men det går ut over seglinga.

tirsdag 21. juni 2011

Det vert mykje ved



No minka det på material i huset, ettersom det meste blir ved eller brent direkte.
Hadde ryggen klart det så skulle det berre vore ramma att no, men eg må ta det rolig kjenner eg.
Men nokre dagar til med riving så nermar det seg oppattbygging og da blir det støyping av ny ramme på vestsida.Spennande:)

fredag 3. juni 2011

Meir på bålet

I dag forsvant dei orginale gamle veggane i badet på bålet. Og bak var det litt av kvert.
Her var litt glava litt rockwool og nokre plassar var det ingen isolasjon.Isolasjonen låg rett på kledningen, så det var gode forhold for fuktigheit og råte.
Takbjelkane var ingen ting å samle på så no er det ikkje mykje att av baderommet.

onsdag 1. juni 2011

Aldrig så gale at det ikkje er godt for noke

Når det først er gjort dårleg arbeid med "restaureringa" av demmahuset, så vart eg glad for at det var gjort like dårlig arbeid på badegolvet.
Underst mot tregolvet var det lagt ut isoporlok til fiskekassar og oppå dei var det 5cm støyp, så var det eit lag hønsenetting for å halde varmekablane på plass og deretter var det 5cm med påstøyp og ingen armering nokon plass, så dette var lett å bli kvitt.

mandag 30. mai 2011

Meir galskap

No har eg ramponert badet som hadde baderomspanel på veggane og heimelaga baderomsinnredning.
Det såg nesten like dårlig ut bak platene som det gjorde i kjøkkenet.
Her har voe mykje mus i veggane og tidlegare restaurering er ikkje av verdi.



No er det berre å få alt ut og starte på nytt. Det blir nok bra ein gang.

mandag 23. mai 2011

Ny start

No er vinteren på det næraste over og etter ein liten ferie i varmen er kroppen i betre form, så i dag gjekk eg i gang med riving av taket på kjøkkenet for å sjekke bjelkelaget.
Som frykta var det her og utført mangelfull reparering av råteskader, så alt må ned.
Det er berre laska utanpå med lister og oppå der er det lagt tynne kryssfinerplater.
Dette hindra folk frå å dette gjennom golvet i første omgang.
Viser til bilde.

Det vert spennande å sjå kva som skjuler seg bak veggane på badet:)

lørdag 29. januar 2011

Vedauk

Det var nok plussgrader i dag til at eg kunne ta meg ein tur ut av huset og opp på Demma for å legge ned nokre tre til ved til neste vinter før sevja tok til å stige.
Epletrea fekk og ein stuss ettersom korkje eg eller hjorten får tak i dei øverste eplene.
No blir det nokre dagar med rydding og kapping-kløyving slik at det kan verte varme i ovnen til vinteren.