fredag 19. februar 2010

Ingemund Leiknes kom i dag

Vart positivt overraska da telefonen ringte og Ingemund sa han fekk tid til å komme og ta ein kalkyle på det som må skiftast p.g.a. råte.
Det første han sa var, her er det ikkje mykje å spare på!
Han vart sjokkert over att det var så mykje råte i ramme, stender og veggar.
Men alt kom frå feil i reparasjonane som var utført.
Han målte opp kjøkken og gang og der var det ikkje så mykje som kunne brukast.
Deretter såg han på kledningen på resten av huset og kom fram til att det var råte og feil i konstruksjonen der og, så han skulle sette opp ei materialliste og ei timeliste for å få utført reparasjonane, og dette skulle eg få i neste veke.
Han trudde og att takbjelkane var gåen for stenderane på kjøkkenet i ramen var gåen heilt opp. Så han måtte ta forbehold om uforutsette feil som ville komme fram under fjerning av kledningen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar