onsdag 29. juni 2011

Tung vegg


Bak tynnplatene på loftet var isolasjonen av 2cm isopor, dette er totalt ulovleg og ville ha tatt livet av alt i huset med gass om det skulle blitt brann.
Eg reiv halve veggen i eit stykke mellom gang og kjøkken og det gjekk hardt utover venstre skuldra ettersom veggen kom deisande ned over meg før eg fekk komme meg vekk, så no er skuldra gul og blå, men dette stoppar ikkje ein "arbeidsmann" men det går ut over seglinga.

tirsdag 21. juni 2011

Det vert mykje ved



No minka det på material i huset, ettersom det meste blir ved eller brent direkte.
Hadde ryggen klart det så skulle det berre vore ramma att no, men eg må ta det rolig kjenner eg.
Men nokre dagar til med riving så nermar det seg oppattbygging og da blir det støyping av ny ramme på vestsida.Spennande:)

fredag 3. juni 2011

Meir på bålet

I dag forsvant dei orginale gamle veggane i badet på bålet. Og bak var det litt av kvert.
Her var litt glava litt rockwool og nokre plassar var det ingen isolasjon.Isolasjonen låg rett på kledningen, så det var gode forhold for fuktigheit og råte.
Takbjelkane var ingen ting å samle på så no er det ikkje mykje att av baderommet.

onsdag 1. juni 2011

Aldrig så gale at det ikkje er godt for noke

Når det først er gjort dårleg arbeid med "restaureringa" av demmahuset, så vart eg glad for at det var gjort like dårlig arbeid på badegolvet.
Underst mot tregolvet var det lagt ut isoporlok til fiskekassar og oppå dei var det 5cm støyp, så var det eit lag hønsenetting for å halde varmekablane på plass og deretter var det 5cm med påstøyp og ingen armering nokon plass, så dette var lett å bli kvitt.