fredag 26. februar 2010

Kalkyle på reparasjon


I dag fekk eg kalkylen fra Leiknes på reparasjon av kjøkkenet og utvendige veggar.
Kalkylen tek for seg berre det Ingemund kunne sjå var dårlig så han tok forbehold om uforutsette feil som han ikkje kunne sjå før veggane vart tatt ned.
Dette er videresendt selger.

tirsdag 23. februar 2010

Spasertur


Gjekk meg ein tur opp, sette meg i stolen og slappa av.

fredag 19. februar 2010

Ingemund Leiknes kom i dag

Vart positivt overraska da telefonen ringte og Ingemund sa han fekk tid til å komme og ta ein kalkyle på det som må skiftast p.g.a. råte.
Det første han sa var, her er det ikkje mykje å spare på!
Han vart sjokkert over att det var så mykje råte i ramme, stender og veggar.
Men alt kom frå feil i reparasjonane som var utført.
Han målte opp kjøkken og gang og der var det ikkje så mykje som kunne brukast.
Deretter såg han på kledningen på resten av huset og kom fram til att det var råte og feil i konstruksjonen der og, så han skulle sette opp ei materialliste og ei timeliste for å få utført reparasjonane, og dette skulle eg få i neste veke.
Han trudde og att takbjelkane var gåen for stenderane på kjøkkenet i ramen var gåen heilt opp. Så han måtte ta forbehold om uforutsette feil som ville komme fram under fjerning av kledningen.

tirsdag 16. februar 2010

Venting

Ingemund Leiknes skulle komme og sjå på det som var rote i dag, men no sa han att det vart ikkje før i neste veke så da er det berre å finne fram tålmodigheita og sette seg i sola.

mandag 15. februar 2010

Rydding i garasjen

I dag har det berre vorte rydda litt i garasjen for der var så mange tomme øskjer og tomme dunkar som sto og berre tok opp plass.

fredag 12. februar 2010

Litt sol i dag

I dag starta eg dagen med å sitte på krakken og nyte den nye utsikta eg fekk i går då mykje kratt forsvann.
Hadde avtale om att Ingemund Leiknes skulle komme og gå over manglane i ramma og stenderane slik att eg kunne få eit overslag over kostnadane, men han fekk ikkje tid.
Hadde ein prat med Alf Selstad (selger)og dei hadde sett på bildene eg hadde sendt, men dei hadde ikkje bestemt kva dei ville gjere med saka vidare.
Eg fortalde att eg skulle få eit kostnadsoverslag og sende den til dei og det var greit.

No har eg sol på begge sider av skålefjellet så det er nok ikkje lenge før eg har den heile dagen.

Leni og Trond kom opp med hundane og vi sat ute og drakk kakao og åt niste.
Triveleg.

Alt i alt ein fin dag

torsdag 11. februar 2010

Utsikt


Dette er utsikta frå "kaffikroken" i dag.

onsdag 10. februar 2010

Meir feil

No var eg tvungen å ta vekk veggane og for å sjekke stenderane og der var det like gale. Det var ikkje lufting mellom kledning og isolasjon så isolasjonen var fyll av fuktigheit og dette var overført til treverket.

Dette er no rapportert til selgar og eg ventar på ei avklaring på om dei tek kostnaden med utskifting av det som er rote.


Overraskelse


Ettersom det ikkje er kjellar under kjøkkenet (som var det rommet som trengte restaurering først) og eg skulle legge nytt golv tok eg vekk det gamle golvet for å sjå om det var isolasjon under.

Stor var overraskelsen då eg fann ut att golvbjelkane var rotne og att ramma rundt var det samme.

Demma


Med stor iver og pågangsmot vart Demmahuset kjøpt.
Dette skal være ein blogg som viser opppussinga av huset utvendig og innvendig slik att eg seinare kan bla tilbake og sjå kva arbeid som er utført
Planen er å være ferdig med restaureringen til påske da båtlivet skal prioriterast.