tirsdag 4. oktober 2011

Nytt "hus"

Det vart plutseleg behov for å få ein plass å bu og då vart det til at eg kjøpte hytta til Mona og Sverre Hestad, og tusen takk til dei for at handelen vart gjort på få dagar. Hytte nr.5 er den einaste hytta til Aslaug og John Øvrebø som ikkje har vorte utvida, så det skal verte spennande å sjå kva eg får til i løpet av neste år. No er det full fart med flytting av personlege ting og tang. Møblane skal stå slik at MayIne og Leni kan bruke dei. Taksten på reparasjon av Demma skal komme i løpet av veka har eg fått beskjed på, og da får vi sjå kva kommunen seier i forhold til å bygge opp eit mindre bygg på tomten. Og jakta er ikkje slutt enda heller, så det er nok å henge fingrane i. Snart er det fredag og då skal eg passe MayIne igjen;)

1 kommentar:

  1. Ikkje rart du går surr i månadane Arild, med ein slik aktivitet :-))
    Gratulerer som ny huseigar :-) og lykke til vidare med Demmahuset!!

    SvarSlett